Oi, på nynorsk! – eit innføringskurs på nett

Blir du usikker når du skal skrive nynorsk? I dette nettkurset får du verktøy som gjer deg tryggare på å bruke nynorsk i arbeidskvardagen. Kurset egner seg for alle tilsette i det offentlege.

Fakta om kurset

  • Kurset er utvikla av Språkrådet i samarbeid med Difi. Målgruppa er tilsette i det offentlege, men kurset er ope for alle.
  • Kurset inneheld grunnleggande lærdom som skal gjere det lettare for skribentar å unngå dei vanlegaste feila når dei skriv nynorsk i jobben.
  • Kurset består av seks delar pluss ein kviss.
  • Det tar 45­–60 minutt å gjennomføre heile kurset.
  • Det er lyd i kurset. Deltakarar som ikkje har tilgang til lyd, kan skru på tekst for tale.
  • Delane i kurset inneheld dialogar mellom gjennomgangspersonane Else og Lars, råd og reglar, tekstdøme, øvingar og oppsummeringar.
  • Ein kan ta kurset enten aleine eller som ei gruppe. Det kan vere ein god idé om heile eller delar av ein organisasjon tar kurset samtidig. Kurset kan til dømes inngå i eit større opplæringsprogram.
  • Det er stor valfridom i målformene våre, og kurset inneheld ikkje alle tillatne former.

Vi gjer merksam på at kurset er justert i 2021 fordi det kjem ei ny språklov. De som byrja på kurset før 2021, kan halde fram i den gamle versjonen, som de finn på «Min side».

Introduksjonsvideo til Oi, på nynorsk!

Denne videoen gir deg ein liten smakebit på kurset.

Fagleg innhald

«Oi, på nynorsk!» er eit innføringskurs i nynorsk forvaltningsspråk. I kurset møter vi Lars og Else. Lars skriv bokmål til vanleg, men som tilsett i staten skal han også kunne skrive på nynorsk. Han skriv ikkje så verst, men treng litt hjelp for at tekstane hans skal bli gode. Else rettleier og forklarer. I øvingane trener kursdeltakarane på det same som Lars lærer.

Etter kvar del er det ei oppsummering av den viktigaste lærdommen, somme stader med lenkjer til relevante hjelpemiddel og tilleggsinformasjon.

Delane i kurset

  • Introduksjon
  • Forvaltningsord
  • Verb
  • Substantiv
  • Pronomen og eigedomsord
  • Språkføring
  • Kviss
Tekniske krav for å kunne bruke kurset

Kurset fungerer på datamaskiner, nettbrett og smarttelefoner som har en nettleser av nyere dato slik at den støtter HTML5. Eksempel på nettlesere er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyere, Opera, Google Chrome og Apple Safari.

Kurset inneholder en del videomateriale. For å få en optimal brukeropplevelse bør du være koblet til internett via kabel, trådløst nett eller 4G. Kurset kan som hovedregel ikke spiller av over tynnklientløsninger som Citrix. Da må man finne alternative løsninger som f.eks. å ta kurset hjemmefra.

Kurset krever pålogging. 

For virksomheter med eget LMS 

Offentlige virksomheter som ønsker det, kan laste opp nettkurset til eget LMS.

Inngå avtale og last ned SCORM-pakken.

Learning Tools Interoperability (LTI) 

Virksomheter kan opprette en LTI-forbindelse mellom kurset og eget LMS. Nødvendig informasjon for dette finnes i skjemaet under:

URL til informasjonskapsel
(Cartridge URL)
https://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/cartridge.php/37/f0d4783b1d3351e2a835e9648a1d06c4/cartridge.xml
Hemmelig streng
(Shared secret)
7l36aF6OGjtXZGoYAFE0lHmZimqhBcBT
Forbrukernøkkel
(Consumer key)
DIFI EKSTERN
RegistreringsURLhttps://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/proxy.php/37/7457eca4191c4132345356464577f6f4/
OppstartsURLhttps://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/tool.php?id=37