E-læringsprogram om urfolk og nasjonale minoriteter

Dette e-læringskurset handlar om urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg. Kurset gjev innsikt i kva saker som vedkjem urfolk og nasjonale minoritetar og gjev råd om korleis du bør gå fram i saker som vedkjem dei. Kurset er retta mot tilsette på alle nivå i statsforvaltninga.

Gjennom kurset ønskjer Kommunal- og moderniseringsdepartementet å skape forståing for kva saker som vedkjem urfolk og nasjonale minoritetar, og når dei bør bli tekne med på råd. Programmet går også gjennom historie og samfunnsforhold og aktuelle lover og reglar.

Urfolk og nasjonale minoritetar i Noreg

Samar er urfolk i Noreg. Vi har også fem nasjonale minoritetar: jødar, kvenar/norskfinnar, rom (sigøynarar), skogfinnar og romanifolk/taterar. Opplæringsprogrammet tek føre seg gruppene si historie, korleis dei har vorte behandla av norske styresmakter, og i kva saker du skal ta omsyn til interessene deira. Kurset gjev også råd om korleis du bør gå fram når du har ei sak som vedkjem dei.

Om kurset

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det faglege ansvaret for innhaldet i kurset.

Målgruppa for opplæringsprogrammet er tilsette på alle nivå i statsforvaltninga, både nytilsette og dei som er ”nye” på saksfeltet. Alle vil ha nytte av å gå gjennom heile kurset, men du kan også velje å konsentrere deg om dei temaa som er mest relevante.

Det tek ca. 45 minutt å gjennomføre heile kurset.

Kurset har tre modular:

  • Historie og samfunnsforhold
  • Lover og regelverk
  • Saksbehandling

Etter kvar modul er det lagt inn oppgåver, slik at du kan teste kva du har fått med deg.