Å starte i staten – eit introduksjonsprogram for nytilsette
"Å starte i staten" gir en rask innføring i grunnleggende forvaltningskompetanse. Du blir bevisst på hva det innebærer å jobbe i staten og får en forståelse av det statlige rammeverket og statsforvaltningens styring, organisering og hovedoppgaver.
Fagleg innhald
I programmet møter vi fire nytilsette som alle startar i ulike statlege verksemder, og vi følgjer den første tida deira. Dei fire modulane tek føre seg desse temaa:
- Statsforvaltninga sine roller og hovudoppgåver – det store biletet
- Handlingsrom og rammer i staten
- Korleis blir statsforvaltninga styrt – frå avgjerd til handling
- Å jobbe i staten
Introduksjonsfilm til Å starte i staten
Fakta om kurset
- Programmet består av fire modular
- Kvar modul varer ca. 15 minutt
- Modulane er i hovudsak ein kombinasjon av video og oppgåver.
- Etter enda kurs, kan du skrive ut eit kursbevis.
Tekniske krav for å kunne bruke kurset
Nettkurset krev breiband
Kurset kan som hovudregel ikkje spelast av over tynnklientløysingar som Citrix. Då må ein finne alternative løysingar som t.d. å ta kurset heimanfrå.
Difi tilbyr verksemder som ønskjer det, å laste opp nettkurset til eige LMS.
Installere Å starte i staten på virksomhetens læringsplattform - last ned ZIP-fil