Guide til statens reiseavtaler

Statens reiseavtalar er to avtalar som gjeld for statstilsette som er på reiser i arbeidssamanheng i Noreg og i utlandet. Etter desse avtalane dekkjer arbeidsgjevar utgifter til reise, kost, transport og overnatting. Nettkurset er utvikla for deg som kontrollerer innkomande reiserekningar frå dei tilsette.

Fagleg innhald

Nettkurset er delt inn i tre delar: 1) Kva er statens reiseavtalar, 2) Reiser innanlands og 3) Reiser utanlands. Du får innføring i følgjande tema: 

  • Reisetid
  • Kost
  • Overnatting
  • Transport
  • Skatt
  • Forsikring/erstatning
  • Reiserekning/kredittkort/forskot

Fakta om kurset

  • Alle kan bruke kurset 
  • Kurset krev pålogging
  • Kurset eignar seg godt som oppslagsverk
  • Avtalane er utarbeidde for staten 

 

Tekniske krav og nedlastning til eget LMS

Kurset fungerer på pc og mac, smarttelefonar og nettbrett som har ein nettlesar av nyare dato slik at han stør HTML 5. Døme på nettlesarar er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyare, Opera, Google Chrome og Apple Safari. 

Difi tilbyr verksemder som ønskjer det, å laste opp nettkurset til eige LMS. 

Installere Guide til statens reiseregulativer i virksomhetens læringsplattform - last ned ZIP-fil.