Guide til statens standardavtalar, SSA

Statens standardavtalar er kontraktar som du kan bruke når du kjøper IT- og konsulenttenester. E-læringskurset gjev ei rask innføring i dei ulike avtalane og kva avtalar som skal brukast på ulike anskaffingar. Kurset passar for alle tilsette i staten.

I nettkurset får du innføring i dei ulike avtalane du bør bruke når du skal anskaffe 

  • ein konsulent
  • IT-utstyr- og programvare
  • utvikle eit IT-system
  • IT som treng vedlikehald
  • drift av eit IT-system

Du får også ei innføring i bruk av rammeavtalar.

Fakta om kurset

  • Alle kan bruke kurset. 
  • Kurset krev pålogging.
  • Kurset eignar seg godt som oppslagsverk. 
  • Avtalane er utarbeidde for offentleg sektor. Dagens versjonar av avtalane er utarbeidde av Difi med innspel frå både kunde- og leverandørsida, og er forsøkt balansert på best mogleg måte.

Tekniske krav for å kunne bruke kurset

Kurset fungerer på pc og mac, smarttelefonar og nettbrett som har ein nettlesar av nyare dato slik at han stør HTML 5.

Døme på nettlesarar er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyare, Opera, Google Chrome og Apple Safari. 

Difi tilbyr verksemder som ønskjer det, å laste opp nettkurset til eige LMS. 

Installere Guide til statens standardavtaler på virksomhetens læringsplattform - last ned ZIP-fil