Helt sjef! Digitalt verktøy for ledergrupper

«Helt sjef!» er eit verktøy som byggjer på Plattform for leiing i staten. Verktøyet hjelper leiargrupper med å identifisere leiarutfordringar, skape diskusjon og refleksjon rundt leiaråtferd i eiga verksemd og utvikle konkrete handlingsplanar. Verktøyet kan brukast i leiargrupper på minst fire personar.

Korleis bruke «Helt sjef!»

Helt sjef er eit e-læringsverktøy som tek maks 2 timar å gjennomføre. Verktøyet krev ingen forkunnskapar eller fasilitator utanfor leiargruppa, men for at verktøyet skal brukast på riktig måte, er det er viktig at de les brukarrettleiinga til «Heilt sjef!» og har den tilgjengeleg før de set i gang med kurset.

Når de set i gang verktøyet, vil de få hjelp av både ein ”programleiar”, og av korte, instruerande tekstar.

Kursinnhald

Oppgåvene gjev dialog og bevisstgjering rundt verdiar og åtferd på arbeidsplassen dykkar, og fører fram til ein konkret handlingsplan basert på verdigrunnlaget i Plattform for leiing i staten.