Innsyn – eit e-læringsmagasin om offentleglova

Innsyn er eit e-læringsmagasin som gjev innsikt i offentleglova. Du lærer korleis du praktiserer meiroffentlegheit og handterer innsynskrav, og du får oversikt over dei viktigaste unntaka frå openheit og grunngjevinga for desse. Kurset er for alle som jobbar i offentleg sektor.

Fagleg innhald

"Innsyn" gjev deg kunnskap om

  • hovudregelen i lova om openheit, kvifor openheit er viktig og kvifor det kan vere vanskeleg
  • forvaltninga har ei digital arbeidsform, og openheit gjeld same korleis informasjonen er lagra
  • journalføring og informative overskrifter er føresetnad for openheit
  • dei mest aktuelle unntaka frå hovudregelen om openheit, og kva som er vilkår for å bruke dei. Det er eit særleg fokus på unntaka om interne dokument
  • kva meiroffentlegheit er, og korleis kravet om meiroffentlegheit stør opp om hovudregelen om openheit
  • korleis innsynskrav skal behandlast og dei viktigaste trinna i vurderinga av dei
  • kva du må gjere om det kjem klager på at innsynskrav er avslege

Introduksjonsvideo til Innsyn

Fakta om kurset

"Innsyn" er utforma som eit e-læringsmagasin. Det er fleksibelt, og du vel sjølv kva du vil fordjupe deg i. Magasinet er delt inn i fire tema:

  • Openheit i forvaltninga
  • Meiroffentlegheit
  • ABC for innsynsprosessen
  • Unntak frå openheit

Gjennom korte animasjonar kalla «Kort og godt», får du god oversikt over temaet.  I «Erfaringar» høyrer du tilsette i forvaltninga reflektere rundt praksis.  «Eksperten» drøftar temaet juridisk.

Kvart tema består av ei historie som inneheld filmar og oppgåver. Dei ulike historiene tek mellom 6 og 12 minutt.

Heile programmet tek ein dryg time. Du vel sjølv om du vil gjere alt på ein gong eller dele det opp. Om du går inn i kurset igjen, kjem du tilbake der du slapp.

Kurset er for alle som jobbar i offentleg sektor.

 

Slik navigerer du i kurset

Kvart tema startar med ei historie. Når filmen er ferdig, klikkar du på krysset nede på sida for å lukke. Dersom du blir forstyrra eller ønskjer å avslutte før filmen er ferdig, avsluttar du på same måte. Då kjem du til temasida og dei andre verkemidla.

For å kome tilbake til startsida lukkar du kurset ved å klikke på krysset øvst i høgre hjørne og vindauget lukkar seg. Då kan du velje neste tema.

Når du har vore gjennom alle verkemidla i eit tema, blir temaet markert med grøn hake på kurssida, slik at du enkelt får oversikt over kva du har gjennomført og kva som står att.

Filmane har stopp-/spelknapp slik at du kan ta pause når du måtte ønskje.
Dersom du vil ha tekst, klikkar du på Txt-knappen.
Lyden blir justert på den eininga du gjennomfører kurset på.

Tekniske krav for å kunne bruke kurset

  • Kurset fungerer på datamaskiner, nettbrett og smarttelefonar som har ein nettlesar av nyare dato slik at han stør HTML 5. Vi gjer merksam på at nyare versjon av Google Chrome har problem med å spele av videoane i kurset, og vi tilrår at du i staden for nyttar Microsoft Internet Explorer eller Edge. 
  • Kurset inneheld ein del videomateriale. For å få ei optimal brukaroppleving bør du vere kopla til internett via kabel, trådlaust nett eller 4G.
  • Kurset kan som hovudregel ikkje spelast av over tynnklientløysingar som Citrix. Då må ein finne alternative løysingar som t.d. å ta kurset heimanfrå. 

 

Difi tilbyr verksemder som ønskjer det, å laste opp nettkurset til eige LMS.

Installere Innsyn på virksomhetens læringsplattform - last ned ZIP-fil

Implementeringsmateriell for opplæringsansvarlig

For å kople innhaldet i kurset til aktuelle problemstillingar og praksis i eiga verksemd, har vi laga ei utrullingspakke for HR og leiarar med guidar og materiell som stør utrullinga i verksemda. Her finn du alt du treng for å gjennomføre opplæring saman med medarbeidarane dine. Les korleis du bruker materialet i rettleiarane under:

Prosessrettleiar

Bordfoldere

Blir skrive ut i A3-format.


Innspillskjema

Læringsduk

Skriv ut 4 A4-sider og lim saman:

Forslag til tekst i e-post

Presentasjonar

Plakatar

Blir skrive ut i A5-format.

Introduksjonsfilm med statsråd Jan Tore Sanner

Krediteringar

Innsyn er eit e-læringsmagasin frå Difi, 2015.

E-læringsmagasinet er utvikla av Storyboard på oppdrag frå Difi.

E-læringsmagasinet er juridisk kvalitetssikra av Kristian Brandt, advokat i Advokatfirmaet Hjort DA.