Livssykluskostnader for bygg og anlegg (LCC)

Dette er ei pakke med tre e-læringskurs som handlar om livssykluskostnader for bygg og anlegg (LCC). Kursa gjev forståing av kva LCC består av, kva levetid og alternativsvurderingar er, og gjev praktiske døme på LCC. Kurset eignar seg for tilsette som jobbar med anskaffingar innan bygg og anlegg

1 Innføring i LCC

Dette kurset gjev ei innføring i livssykluskostnader. Innføringa er meint å gje eit omgrepsapparat slik at kursdeltakarane kan forstå og diskutere kva LCC består av.

2 Meir om LCC

Dette kurset gjev deg ei kort teoretisk innføring i kva levetider og alternativsvurderingar er.  

3 Praktiske døme på LCC

Dette kurset byggjer på dei to føregåande. Her dreg vi deg litt meir i djupna, og du får sjå litt korleis ulike val av alternativ kan slå ut på livssykluskostnaden.   

Om kursa

Alle kan bruke kursa gratis. Du må logge inn.

Kursa passar for alle som vil ha ein rask gjennomgang av kva LCC er, kva du kan oppnå med å bruke LCC, og korleis dette slår ut på kostnadene.

Kursa gjev ein introduksjon til LCC i bygg, berekna for alle med interesse for temaet. Du treng ingen forkunnskapar i LCC, men det er ein fordel at du kan litt om byggjeteknikk.

Målgrupper

Målgruppe for Difi sitt opplæringsmateriell i LCC er:

  • eigedomssjefar
  • vedlikehalds- og driftsleiarar
  • offentleg tilsette prosjektleiarar
  • eigedomsforvaltarar
  • byggherrar
  • leverandørar av varer og tenester til offentlege bygg, anlegg og eigedomar
  • studentar i utdanningsløp som er relevant for stillingar nemnde i punkta over