Veileder til mentorprogram for ledere

I denne rettleiaren finn du alt du treng for å setje i gang eit mentorprogram i eiga verksemd. Du får råd om korleis førebu eit mentorprogram, rekruttere deltakarar, korleis gjennomføre og til slutt korleis evaluere. Rettleiaren kan brukast av små og store verksemder, og er retta mot deg som skal setje i gang eit mentorprogram.

Rettleiaren består av 15 malar. Bruk dei malane som passar behova i verksemda di, og juster der det er naudsynt.

Fakta om rettleiaren

  • Alle kan bruke rettleiaren.
  • Rettleiaren krev pålogging.
  • Rettleiaren eignar seg godt som oppslagsverk. 
  • Avtalane er utarbeidde for offentleg sektor. Dagens versjonar av avtalane er utarbeidde av Difi med innspel frå både kunde- og leverandørsida, og er forsøkt balansert på best mogleg måte.

Tekniske krav for å bruke kurset

Kurset fungerer på datamaskiner, nettbrett og smarttelefonar som har ein nettlesar av nyare dato slik at han stør HTML5. Døme på nettlesarar er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyare, Opera, Google Chrome og Apple Safari.